Fitjar-førarane Ingve André og Anders Halleråker Strand måtte nøya seg med sjette- og sjuandeplass i første NM-runden.

NM-opninga blei ikkje heilt etter forventningane, verken for far eller son Strand i dag. Anders i juniorklassen kom på sjuandeplass etter at han var i ferd med å ta teten inn mot andre sving. – Men så snurra han og enda som nummer sju etter at han blei påkjørt og fekk stopp, melder ein frostkald Sigurd André Maraas frå Krabyskogen ved Gjøvik.

Ingve André gjorde det ikkje så mykje betre: Han kom inn som nummer seks. Etter suveren heatsiger i siste omgang før finalen var målet noko høgare. – No ser me fram mot Skien om fjorten dagar, og revansje der, avsluttar Sigurd A. Maraas.

Oversikt over løpssesongen i crosskart finn her: