Etter dagens kampar er alle Fitjar-laga ute av årets Dana Cup, bortsett frå juniorlaget, som har vunne to kampar i B-sluttspelet.

I morgon møter dei heimelaget Hjørring i kvartfinalen etter at dei har «dominert B-sluttspelet», som dei uttrykkjer det sjølve. Først slo dei Ørsta Volda i 16-delsfinalen i dag, og i kveld «moste» dei – etter eiga utsegn – brasilianske Space-Ordin i 8-delsfinalen med 3-0.

For gutar og jenter 1998 blei det heller ikkje i dag den store sportslege suksessen. Gutane rauk ut for meksikanske Selección Red med 2-0, medan jentene måtte tola 0-6 mot trønderske Klæbu. Gutar 1999 rauk ut i 32-delsfinalen med heile 0-5 mot SHI Hjørring.

Dei yngste gutane gjorde det noko betre. Álftanes UMFÁ viste seg sterkare enn venta i 32-delsfinalen, og leia 3-1 ved pause. Men Fitjar-gutane kom sterkt tilbake og utlikna på slutten, slik at det blei straffekonkurranse. Denne blei nok eit av høgdepunkta for gutane under årets Dana Cup. Fem suverene straffespark av Kristian Prestbø, Jone Nysæther, Jonas Aleksandersen, Markus H. Tislevoll og Brede Hovland var nok til å senda hardtspelande islendingar ut av turneringa. I 16-delsfinalen blei dei diverre litt for svake mot Grane Arendal, som tok seg fortent vidare med 3-1 mot tapre Fitjar-gutar, som alt i alt bør vera godt nøgde med turneringa.

I dag blei det også full stopp for det Fitjar-laget som har gjort det best her nede. Jenter 99 – det einaste laget vårt i A-sluttspelet – møtte først gode meksikanske jenter i 16-delsfinalen. Estudiantes Querétaro var vel så kjappe som Fitjar-jentene, men våre jenter kjempa så sveitten silte, og det betalte seg. Fitjar sine mål kom ved Tone Brakedal på eit flott frispark frå langt hald, og ved Martine Stokken etter møljespel framfor de meksikanske målet. Dermed enda kampen med 2-1 siger for sterkt medtekne Fitjar-jenter.

Det hjelpte ikkje Qurétaro-jentene at dei hadde dei beste supporterane, frå delstaten México, ikkje langt frå hovudstaden México by. I Metepec like utanfor delstatshovudstaden Toluca finn me den relativt store klubben Grupo Sherwood; i går slo juniorane deira våre gutar med 2-1. Til liks med andre latinamerikanske lag me møtte på, kom dei rett frå Gothia Cup, og får altså med seg to store turneringar i Europa før dei reiser heim att over havet. Dei trivelege gutane prøvde å lyga på seg slektskap både med Pelé og Christiano Ronaldo, utan at det verka særleg overtydande …

I kveld rauk 1999-jentene ut med heile 0-4 mot Stabæk, men hovudinntrykket er at dei har klart seg godt her i Danmark. Dei har vist stor innsats mot relativt gode lag, og kjempa seg til gode resultat. No er slitne fotballungdommar og foreldre i ferd med å pakka. Me ønskjer juniorlaget lykke til i morgon. Når det gjeld resultat for alle laga frå Fitjar, og dei andre laga frå Stord, viser me til heimesida for Dana Cup 2013.