Det sa Runar Søreide Skogedal i intervju med Vår Staude under «God Morgen, Norge»-sendinga på TV2 i føremiddag. Ei TV-sending Runar kom svært vel ifrå. Bilete: Skjermdump frå TV2.

Runar fortalde at den viktigaste saka han ville kjempe for var å få arbeidsplassar for folk i hans situasjon på Fitjar. No må han til Stord.

Med  i studio var far Geir Tore Søreide som òg er ordførarkandidat for SV. Dei er samde om dei fleste sakane, bortsett frå søndagsope. Runar er for mens Geir Tore er imot. -Eg kunne jo truga med partipisken, men Runar vert nok ikkje eksludert på grunn av dette, sa Geir Tore, litt humørfylt.

Runar helste vidare på vakkert vis  til kjærasten Mathilde, og sa: «Eg elskar deg!» på direkten. Alt oppstusset i det siste synest han berre er gøy, og han trur på stemmer! Skulle han kome vil vil han skrive Norgeshistorie.

Geir Tore fortalde elles at Runar har vore ein del av bygda heile livet, og at han vore naturleg integrert heile vegen. Han syntest slik sett at det var naturleg at Runar òg vil prøve seg i politikken, men han hadde ikkje venta seg slik publisitet om saka som det no er blitt.

– Men eg kan leve godt med denne merksemda eg òg, sa han.