Fitjar Racing Team fekk med seg to pokalar i juniorklassen etter bilcrossløpet i Vikedal i helga, medan seniorane kom tomhendte heim.

Best av førarane i teamet blei også denne gongen Oliver André Matre, med ein 9.-plass totalt i juniorklassen. Han blei nr. 1 og 2 i dei to første innleiande heata, og tok seg til B-finalen. Men utan tekniske problem i det tredje heatet, ville han teke seg greitt til A-finalen, fortel han til Fitjarposten. Clutchen begynte å slura, og dette blei berre verre i B-finalen. Men ein 9.-plass er Oliver likevel brukbart fornøgd med, og han lovar å ha clutchen i orden til neste løp, som går av stabelen i Bergen 29. og 30. juni.

Den andre Fitjar-føraren som er bra fornøgd etter dagens løp, er Jonas Heggøy. Han fekk to tredjeplassar og ein andreplass i innleiande heat, noko som gav plass i C-finalen. Dermed kunne han ta med seg heim ein pokal, for 14.-plassen totalt. Bilen hans fungerte bra, bortsett frå at motorfesta losna, slik at han fekk problem med giringa i C-finalen.

For Fitjar-seniorane var vegen fram til toppen noko lengre. Dei to beste, Gisle F. Aarbø og Jonas K. Lønning, måtte sjå finalane frå sidelinja. Det same måtte tredjemann blant seniorane, men han var kanskje den mest fornøgde av alle Fitjar-førarane etter dagens løp. Paul Bod debuterte i bilcross denne helga, og fortel til Fitjarposten at han har fått blod på tann. Han blei sist i alle heata, men i det siste var han ikkje så langt bak sambygdingen Jonas Koløen Lønning.

No må Paul undersøkja om han kan få meir kraft ut av motoren, men først og fremst må han ha nye dekk. Dei gamle dekka hans dugde ikkje i løp, viste det seg. – Det er ikkje så viktig, skyt mentor Ole Vidar Helland inn, i det første løpet du er med på, må du berre læra deg korleis alt fungerer. Og Paul har ikkje hatt ei einaste trening på bane før han starta i dagens løp. Eit stor utfordring som han ikkje meistra heilt, var starten. Her gjeld det å fokusera på startlyset, og ikkje alt anna, om du skal halda følgje med dei andre ut. 

Alt i alt er Paul Bod svært så oppglødd etter dagens debut. – Dette var mykje kjekkare enn eg trudde! seier han.