Gerhard M. Alsaker har skrive lesarbrev om den nye kyststamvegen og meiner det må lagast bru mellom Jektevik og Hodnanes. Lesarbrevet, som m.a. er sendt til alle Sunnhordlands-kommunane, kan du lesa nedanfor.

Berre ei bru vil samla Sunnhordland

Regjeringa har vedteke å leggja kyststamvegen E39 på bru over Bjørnafjorden. Det store spørsmålet er kor ein vel å kryssa Langenuen – skal det skje lengst nord på Stordøya ved Færøysund, mellom Neshamn-Raunholm eller sør ved Hodnanes-Jektevik?

Svaret må vera det siste! Det er nemleg ei bru lengst i sør som vil gagna flest og utløysa best samfunns- og næringsutvikling spesielt for Tysnes og Kvinnherad, men òg for resten av Sunnhordland, Fusa og Kvam.

Alsaker Fjordbruk er blant dei aller største verksemdene i Sunnhordland med ein omsetnad på om lag 1,2 milliardar NOK i 2013. Hovudsetet ligg på Onarheim i Tysnes kommune, og selskapet har over 200 tilsette på anlegg kringom i Sunnhordland og heilt til nordre Ryfylke. Kvart år fraktar ferjene 5000-6000 trailerar over fjorden med varer inn og laks ut frå slakteriet vårt Viking Fjord AS på Sunde i Kvinnherad. Kor brua kjem er difor ikkje tilfeldig for oss, men me har sjølvsagt også tanke for alle dei andre brukarane av dagens ferjesamband i Sunnhordlandsbassenget.

Hodnanes-Jektevik er det tredje viktigaste ferjesambandet i Sunnhordland – berre slått av Halhjem-Sandvikvåg og Gjermundshamn-Årsnes i trafikk. I 2012 reiste 222.107 bilar med ferja mellom Hodnanes-Jektevik – ein auke på 31 prosent sidan 2003. Ferja mellom Halhjem-Våge transporterte til samanlikning 203.624 bilar i 2012 – ein auke på 18 prosent i same periode, ifølgje tal frå Statens Vegvesen.

I det bilane køyrer i land på Jektevik, skal dei fleste sørover anten dei kjem frå Tysnes, frå nordre Kvinnherad, Kvam eller Fusa. Få køyrer nordover mot Fitjar. Dersom brua over Langenuen kjem i nord, vil mest alle brukarane av Hodnanes i dag få ein stor omveg.

Ei bru på Hodnanes vil dessutan opna for ny veg langs austsida av Tysnes mot Lukksund bru. Dette vil bli den raskaste og naturlege vegen for dei som kjem frå Fusa og Kvam, men også dei vil vera avhengige av at Langenuen blir kryssa lengst sør – og ikkje i nord. Midt på strekninga ligg det største næringsområdet på Tysnes, og potensialet for vekst er stort i Nedrevåge.

Det er klart at E39 skal vera ei effektiv transportåre for heile kysten! Kva som gagnar den enkelte bygd er ikkje tema. Ein må løfta blikket og sjå kva som gjer raskast veg og samstundes finna fram til ei løysing som knyt Sunnhordland og omkringliggjande kommunar saman som ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion, på same måte som ein tenkjer at ferjefri E39 vil knyta heile kysten frå Bergen til Stavanger saman.

Det er nærmast latterleg å sjå korleis kvinnheringane i dag seglar med ferje langs halve Stordøya for å få koma til jobb, butikkar og regionale tenester på Stord. Ferjestrekninga Ranavik-Skjersholmane er den lengste i Hordaland og vel kjend for skrantande ferjemateriell og dårleg ferjekaffi. Trafikken på sambandet har også hatt ei negativ utvikling med 28 prosent færre bilar dei siste ti åra. Frå 278.073 bilar i 2003 til 200.991 i 2012 (Statens vegvesen).

Då stordabuen i haust sa nei til at Kvinnheradsferja skulle få leggja til kai nærmare Leirvik, stadfesta dei samstundes at dei er seg sjølv nok og ikkje tek rolla som regionsenter for Sunnhordland på alvor. Dersom kvinnheringane framleis vil ha noko med stordabuen å gjera (og det reknar me med at dei er nødt til anten dei liker det eller ikkje), må løysinga i framtida bli kortaste ferjestrekning frå Sunde til Hodnanes og bru til Jektevik.

For dei 3008 som bur i Fitjar betyr dette naturleg nok ein omveg når dei skal nordover, men kvinnheringane har trass alt større kjøtvekt med 13.237 innbyggjarar (SSB: 2013).

Kor brua kjem vil faktisk vera avgjerande for ein framtidig storkommune. Kjem brua i nord, kan Tysnes bli del av «Bjørnafjorden» kommune og kommunehuset bli liggjande på Os. Kjem brua i sør, vil kommunen truleg heite «Sunnhordland» og bli styrt frå Stord.

Mange frå Kvinnherad og Tysnes pendlar i dag til jobb i industrien på Stord. Handelsnæringa på Stord har også glede av at kjøpelystne frå heile Sunnhordland legg handleturen til Stord. Jo lengre nord brufestet kjem, jo meir flyttar ein sentrum av Sunnhordland nordover. Det vil både handelsnæringa og arbeidsmarknaden på Stord tapa på – medan Os og Bergen vil tena på det.

Det er desse vala politikarane no står ovanfor.

Det fine med ei bru på Hodnanes er at ho ikkje berre er bra for ein effektiv ferjefri E39, men også vil gagna mest heile Sunnhordland og Ytre Hardanger. Dersom ambisjonen er å bli ein stor Sunnhordlandskommune, som inkluderer Tysnes og Kvinnherad, er det ingen annan veg å køyra!

Me oppmodar kommunestyra i alle Sunnhordlandskommunane til å gjera vedtak om at brua over Langenuen kjem ved Hodnanes-Jektevik!

Alsaker Fjordbruk AS
Gerhard Meidell Alsaker
Adm.dir.