Fleire enn Andreas Thorkildsen, den eminente spydkastaren vår, kan skriva under på dette. Berlin har veldig mykje interessant å visa fram, men ei lita veke vert radt for lite i ein slik by.

Difor vil eg svært gjerne reisa attende til den tyske hovudstaden. 4 dagar i slutten av juli vart rett og slett ikkje nok. Eit strålande sommarver skapte ei fin ramme rundt vitjinga av ein by med ei heilt spesiell historie, og sightseeingturar rundt i Berlin og i Potsdam gav mykje meir kunnskap enn historietimar nokon gong har gjort.

Det som nok gjorde mest inntrykk, var å sjå restane etter Berlinmuren, vitja Checkpoint Charlie (det som var viktigaste grenseovergangen mellom Aust- Berlin og Vest-Berlin) og å høyra folk frå tidlegare Aust-Berlin fortelja om korleis det var å veksa opp og bu der, utan høve til å vitja slekt og vener i vest. Men også ei vitjing til Potsdam, berre ein halv time med tog frå Berlin, høyrer med om du er på desse traktene. Her finn du historiske minnesmerke overalt, som Sanssouci og dei andre slotta frå Fredrik den store av Preussen si tid.  Potsdam spelte og ei viktig rolle etter krigen, då Stalin, Churchill/Attlee og Truman på slottet Cecilienhof sommaren 1945 avgjorde den vidare lagnaden til Tyskland.

Dei fleste av oss kjenner til Berlinmuren sitt fall i november 1989. Etter dette har det vore ein enormt stor byggjeaktivitet i tidlegare Aust-Berlin. Sjølv om tilhøva der var gode samanlikna med elles i landet og i mange andre kommuniststatar, stod det mykje att for å oppnå same standard som på andre sida av muren. Husvære og kontorbygg er no ikkje til å kjenna igjen, og nye, storslåtte område veks fram. Eit godt døme er livlege Potsdamer Platz, som vart lagd i ruinar under krigen og seinare delt av muren. På 90-talet var dette største byggjeplassen i Europa, og området framstår i dag som ein svært moderne møtestad, som Aker Brygge, men berre i eit endå
større omfang på alle vis.

”Ordnung muss sein” er ei kjend tysk frase, som passar svært godt på Berlin. Byen har 3,5 millionar innbyggjarar, og eit velsmurt maskineri held hjula godt i gang. Alt verkar ryddig og reint, gatene og uteområda rommar mykje folk, og alle typar trafikantar finn seg til rette, anten det er til fots, på sykkel, i bil, med buss, tog, trikk eller S- og U-Bahn. Ingen andre stader har eg sett eit så velfungerande kollektivtrafikksystem, og syklistar dominerte i gatebiletet. På restaurantar og i butikkane vart me møtte med rask servering og god service, og eg kan faktisk ikkje hugsa ei einaste negativ oppleving den vesle veka me denne gongen fekk med oss i Berlin.
 
Nytt besøk i Berlin står dermed høgt på ynskjelista og er elles varmt å anbefala.

gli steroidi