Brannvesenet må nøya seg med kontollert nedbrenning ab Berjeløo på Årbø. Foto: Kjetil Rydland,

Berje-løo på Aarbø brann i ettermiddag ned til grunnen.

Brannen vart meldt like etter klokka 17.00, men då Fitjar brannvesen kom fram, var huset allereie overtent.

Sidan dette er ei gamal løe som ikkje er i bruk, var det verken folk eller dyr i løa, og Fitjar brannvesen bestemte seg for ei kontrollert nedbrenning.

– Her var det ingenting å redde. Om vi hadde sløkt brannen, ville vi fått ein stor jobb med å rive restane av løa, seier brannsjef Tore Nesbø til bt.no.

– Ein mann er pågripen, mistenkt for å ha forårsaka brannen. Han vil bli framstilt til legeundersøking, opplyser operasjonsleiar Trond Olav Friberg i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.