Berit Sundet Olsen kjem til Fitjar til helga. Tema: Omsorgshelg.

– I palmehelga 22.-24. mars arrangerer menigheten Nytt Liv Sunnhordland omsorgshelg med Berit Sundet Olsen. Ho er opprinnelig utdanna som psykiatrisk hjelpepleier, og ho arbeider i dag som forkynnar, songar og omsorgsarbeidar. I hennar arbeid står undervisning, rettleiing og personlege samtaler sentralt, i tillegg til praktisk omsorg. Ho nyttar seg av sin fagkunnskap og kombinerer den med stor innsikt i Guds ord, skriv Frank Håvik i ei pressemelding.

Sundet Olsen har i mange år halde seminar i kyrkjelydar og organisasjonar landet rundt. Ho er ein dyktig kommunikator og formidlar på en måte som gjev menneske håp. Vidare skriv og syng ho songar som kan hjelpe menneske i ulike livsfaser. Ho kombinerer ofte undervisninga med songen, og har gjeve ut fleire CD-ar.

– Berit Sundet Olsen har stor omsorg for andre. Hennar varme hjarte, rike kunnskap og erfaring for folk med indre sår, er blitt mange til hjelp til eit godt liv, oppmodar Håvik.

Fredag kveld og laurdag ettermiddag er samlingane på Ambassaden i Sagvåg. Søndag kveld er det møte på Fitjartun. Møtet på søndag vert kringkasta direkte med lyd og bilde på Nytt Liv web-tv.