
Bergen og Hordaland Turlag, Forum for Natur og Friluftsliv (FNF) Hordaland, og DNT vest inviterer til befaring ved vindkraftanlegget på Midtfjellet i Fitjar kommune tysdag 8. september 2020.
– På Midtfjellet vil vi sjå korleis eit utbygt vindkraftområde ser ut, og befaringa vil ha fokus på dei negative konsekvensane av etablering av vindkraftanlegg, heiter det i pressemeldinga. – Vi vil også sjå over til det nye nye området som Midtfjellet Vindkraft AS ønskjer å byggja ut på Grønafjellet, det siste urørte fjellet i kommunen.

Turlaget og DNT har invitert stortingspolitikarar fra Vestland fylke og sentrale fylkespolitikarar med på befaringa. Det vil også vera representantar fra styret i Finsefondet og Naturvernforbundet til stades.
Bakgrunnen for møtet er stortingsmeldinga Olje- og energidepartementet la fram 19. juni, “Meld. St. 28 «Vindkraft på land – endringer i konsesjonsbehandlingen» som Stortinget skal behandla i haust.
Bergen og Hordaland Turlag stiller ei rekkje krav til vindkraftmeldinga, blant anna: – All urørt og inngrepsfri natur må vernast mot vindkraftutbygging, vindkraftsaker må behandlast lokalt gjennom Plan- og bygningslova, Naturmangfaldlova § 9 (føre var-prinsippet) må i mykje større grad enn i dag leggjast til grunn når vindkraftkonsesjonar blir behandla, og det må innførast ein rettsleg heimel for å trekkja tilbake ein konsesjon dersom det kjem fram ny kunnskap om verknader for for natur og friluftsliv.
– Vi er opptekne av at våre folkevalde sikrar våre natur- og landskapsverdiar, og friluftsliv og reiselivsinteresser, heiter det i pressemeldinga fra Bergen og Hordaland Turlag.