Grunnleggende turlederkurs for DNT ung, 20.–21. juni 2020.

Bergen og Hordaland Turlag set i gang prosjektet Unge Naturtalent, eit leiarutviklingsprogram i friluftsliv.

Her får 15 ungdommar i alderen 15–19 år høvet til å delta i eit program som gir dei god kompetanse på friluftsliv og turleiing, heiter det i ei pressemelding frå Bergen og Hordaland Turlag.

– Gjennom kurset vil ungdommane bli trygge på seg sjølve og sine friluftskunnskapar. Er ein trygg utandørs bruker ein naturen meir – og ein treng ikkje ha foreldra med, for ein klarer seg sjølv! seier Silje Valla, leiar for DNT ung.

Ho fortel at Turlaget vil byggja opp leiarkompetansen og skapa endå meir aktivitet i DNT ung-gruppene. Ho meiner dette er eit unikt høve til å engasjera seg og læra meir om friluftsliv.

Kurset følgjer DNTs turleiarstige, og etter kvart vil deltakarane få mykje inspirasjon og erfaring med friluftsliv. Havkajakk, klatring, turleiing, orientering, førstehjelp og ferdsel i vinterfjellet er tema som blir behandla i kurset. Det blir lagt vekt på personleg vekst og utvikling, og ein blir kjend med andre ungdommar frå andre DNT ung-grupper.

Prosjektet er gratis for dei 15 ungdommane som kjem gjennom nålauga og blir deltakar. Det er berre å ta kontakt med Silje Valla i DNT om du har lyst å vera med.

– Dette er ein gåvepakke til friluftsinteressert ungdom, seier Valla, og presiserer at ho ønskjer deltakarar frå heile distriktet, også Sunnhordland.