Handballdamene kan sleppa jubelen laus etter å ha berga plassen i 5. divisjon. Foto: Kjetil Rydland.

Handballdamene til Fitjar IL berga plassen i 5. divisjon i dag, då dei sleit seg til siger 24-20 over Løv Ham.

Poenga har sete langt inne for damene våre i årets 5. divisjon, og utgangspunktet for avslutningskampen på heimebane i dag var klart. Eitt poeng ville vera nok til å unngå sisteplassen, og nedrykk til 6. divisjon frå hausten.

Julie Skjerve Jensen måtte nøya seg med to mål denne gongen. Foto: Kjetil Rydland.

Lenge såg det ut til å vera plankekøyring for soringskåte fitjarjenter. Midt i første omgang var dei oppe i ei seksmålsleiing over Løv Ham, som hadde lite å spela for. Men det var før Fitjarposten entra hallen. Denne gongen hadde journalisten på ingen måte nokon «magic touch», og heimelaget sleppte gjestene inn att i kampen.

Rett før pause var leiinga nede i eitt mål, og eit stykke ute i andre omgang hadde Løv Ham utlikna til 13-13. Ei stund såg det ut til at Fitjar skulle få meir enn nok med å berga det eine poenget dei trong. Men både Charlotte A. Levåg og Ingvild Rinmereid vakna til dåd utover i omgangen, og greidde å vippa kampen i Fitjar sin favør.

Med dagens to poeng kan jentene pusta letta ut etter å ha lagt to lag bak seg på tabellen i 5. divisjon avd. 01, og kan sjå fram til ein ny sesong i kamp mot relativt gode lag. Nedrykk ville så absolutt blitt ein nedtur, både for jentene og publikum. Denne gongen var det berre ti supporterar på tribunen, og det er synd, for handball er god underhaldning.

Trenar Trond Arnevik fortel at dei for seks kampar sidan tok mål av deg å ta tolv poeng i dei komande kampane. Og dei klarte ni. Den prestasjonen tek me av oss hatten for; det same gjer me for handballstyret, som har gjort ein svært god innsats i sesongen som no går mot slutten.

Charlotte Ayoe Levåg blei tunga på vektskåla for Fitjar i serieavslutninga. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar sitt lag mot Løv Ham (mål i parenes): Mariell Stølås (keeper), Lisbeth Nesbø, Martine Fredlund (1), Helene Rimmereid, Anita Haugland (5), Emilie Aaserud Hystad (3), Nina Silden, Charlotte Ayoe Levåg (6), Julie Skjerve Jensen (2), Renate I. Olsen, Ingvild Rimmereid (6), Monica Våge Helland (1).

Leiaren i Fitjar Idrettslag hadde god plass på tribunen. Her kan han pusta letta ut og feira ny kontrakt i 5. divisjon. Foto: Kjetil Rydland.