A-laget vann heile 7-0 over Fana 2 i dag, og dermed er det ikkje lenger tvil om at det blir 4. divisjon på Fitjar til neste år òg.

A-lagsgutane til Fitjar brukte berre halvtanna minutt på å få skjebnekampen inn i sitt spor. Mats Brakedal fekk ballen på midten, avanserte nokre meter før han slo fram til toppscorar Thomas V. Waage. Sistnemnde er på veg mot gammal form etter ein skadeplaga sesong, og plasserte ballen utakbart bak den gode gjestekeeperen Thomas Hille.

Litt seinare kunne Mats ha kome på scoringslista sjølv, men keeper slo ballen i stolpen og ut til corner. Scoring nummer to for Fitjar let likevel ikkje venta lenge på seg. Badi Hurasi spelte seg fri på høgresida og la over Fana-forsvaret. Dei klarte ikkje å ri stormen av før Kjell André Thorland fekk tak i ballen og la han fint over keeper frå kort hald.

Etter knapt 17 minutt var det klart for eit nytt typisk Fitjar-mål ved Thomas V. Waage. Denne gongen blei toppscoraren spelt heilt fri av Helge M. Træet, før han sette ballen iskaldt i mål. Dermed var kampen nesten over for dei unge gjestene frå Fana. Fitjar-gutane hadde full kontroll på midtbanen og køyrde over motstandarane sine, som ikkje fann ut korleis dei skulle få tak i ballen.

At det berre blei ei scoring til før pause, må dei arme gjestene vera relativt fornøgde med. Badi Hurasi kom seg på nytt fri på høgresida og slo hardt inn framfor mål. Helge M. Træet møtte ballen perfekt på 14 meter og skaut knallhardt mot mål. Der henta gjestekeeper Thomas Hille fram ein av dei beste prestasjonane i dagens kamp, og redda med ein nydeleg beinparade. Men Helge fekk tak i returen og skaut velplassert i mål.

Med 4-0 kunne våte, men sjølvsikre Fitjar-gutar gå i garderoben, til ståande applaus.

Gjestene opna andreomgangen litt friskare, og etter knapt fem minuttar kunne dei redusert på straffe. Keeper Oddgeir Træet måtte fella den kjappe Fana-angriparen på veg gjennom. Unge Bendik Nordtveit tok ei bra straffe, Fitjar-keeperen var heilt nede ved stolperota og slo ballen ut. Og endå betre var Oddgeir då han redda returen, eit hardt skot frå kort hald.

Sjølv om gjestene var litt friskare i andre omgang, og kom til eit par halvsjansar, hadde Fitjar full kontroll. Presisjonen på det sleipe føret var ikkje som i første omgang, men det heldt i massevis til å scora tre nye mål før den gode dommaren Kenneth Heggøy bles av kampen.

To av måla kom på straffespark som Mats Brakedal skaffa laget sitt. Mats lukkast med mange av raida sine i dag, og spesielt forspelet til 5-0 var imponerande. Mats tok ballen med seg frå sidelinja og inn i straffefeltet til Fana, og der måtte dei fella driblekongen før han var heilt gjennom. Lagkaptein Øyvind Fykse Lie måtte ha to sjansar frå straffemerket før ballen gjekk i mål. På det første forsøket redda keeper, men han blei avblåst for å ha gått fram frå streken før straffesparket gjekk. Dermed fekk Øyvind sjansen igjen, og denne gongen sat ballen der han skulle.

Både 6-0 og 7-0 kom ved ein god Badi Hurasi, som denne gongen ikkje berre spelte ein god førsteomgang, men fullførte i stor stil. Det første målet hans kom frå kort hald etter pasning frå Øyvind Fykse Lie heilt nede på dødlinja, før han fekk gleda av å setja eit straffespark i mål.

Med to mål og fleire målgivande var Badi ein god kandidat dagens Fitjar-spelar, men middagen på Fitjar Fjordhotell gjekk denne gongen til Helge Træet. Heilt fortent, men det var fleire på heimelaget som hadde fortent komlemiddag etter dagens kamp. Trenar Kjell Træet var spesielt fornøgd med alle fem på midtbanen, men heile laget spela ein gjennomført god kamp.

Dei som ikkje fekk middag i premie, kunne trøysta seg med kaffi, kake og betasuppe i klubbhuset etter kampen. Det kunne også glade heimesupporterar og gjestene frå Fana, før dei hasta heimover med nedrykk i bagasjen. For Fitjar tyder dagens siger at dei ikkje lenger kan rykkja ned frå 4. divisjon.

Som det går fram av tabellen for 4. divisjon kan Fitjar dårlegast bli nummer 8, medan naboane våre på Bremnes kjempar for livet mot haustmørket, og har faktisk ein ørliten sjanse til å berga plassen. Me gratulerer A-laget med plassen i neste års 4. divisjon, og naboane våre nordom fjorden, AIK, med puljesiger og opprykk til 3. divisjon.

Ingressbilete: Badi Hurasi scora to mål for Fitjar, og la opp til fleire. Her skyt han utanfor rekkevidda til den gode gjestekeeperen Thomas Hille, men ballen går i nettveggen. Foto: Kjetil Rydland.