Overlege Bodo Günther ved kirurgisk seksjon på Stord sjukehus. Foto: Eirik Dankel, Helse Fonna

Pressemelding: Overlege Bodo Günther og kollegaene hans er no klare for å auka talet på operasjonar att. For å unngå at ventetida på operasjonar aukar, ber dei pasientane om å møta opp som avtalt, eller gje beskjed om ein ikkje kan komma.

 – Ventetida har auka dei siste vekene i samband med koronatiltaka, og me ser fram til å komma tilbake til meir normal aktivitet att. Eg er glad for at dei som har behov for det no får høve til å gjennomføra operasjonane sine, seier overlege Bodo Günther ved kirurgisk seksjon på Stord sjukehus.

Dei siste vekene har berre dei mest naudsynte operasjonane blitt gjennomførte, og ein del konsultasjonar ved poliklinikken har blitt tekne per telefon. Men dei har også opplevd at mange pasientar sjølv har avlyst timane sine, av ulike grunnar.

– Pasientane som blir kalla inn til poliklinisk time kan vera sikre på at behandlinga blir vurdert som både naudsynt og trygg, forsikrar Günther.

Ventar travle tider

Medan Helse Fonna har vore i korona-beredskap, har køane blitt lenger og lenger. Frå og med denne veka blir aktiviteten auka gradvis innan poliklinisk behandling og operasjonar. Overlegen understrekar at det er svært viktig at pasientane møter opp til timane sine, eller gir beskjed om dei ikkje kjem.

– Me ventar eit stort arbeidspress framover, det må til for å få unna køen. Nettopp difor er det viktig at pasientane møter opp som avtalt, eller gir beskjed om dei ikkje kjem, slik at vi kan kalle inn andre. Ingenting er verre enn å sitja der utan pasient til planlagt operasjon, forklarar Günther.

Ekstra smitte-tiltak

Helse Fonna har iverksett ei rekkje tiltak, så pasientane kan vera sikre på at dei er trygge når dei  kjem til behandling.

Blant tiltaka som er innført er at alle som skal til poliklinisk behandling får tilsendt ein SMS med informasjon, og dei som skal til operasjon blir oppringt i forkant og alle som kjem til sjukehuset blir stilt spørsmål knytt til risiko for smitte når dei kjem inn på sjukehuset. I tillegg er det større avstand mellom stolane på venteromma, og tometersregel i ventesoner. Sidan det er besøksforbod og strengare adgangskontroll på sjukehusa under koronapandemien, vert det oppmoda om at ein avgrensar talet på kor mange som hentar og bringer pasientar.

Reidun Mjør. Foto Eirik Dankel

– Helst vil me at pasientane kjem åleine, men i nokre tilfelle må dei ha med seg pårørande. Då ber me om at dei berre har ein person med seg. Og så er det viktig at ein møter så presis som mogeleg, og ikkje for tidleg, slik at vi unngår at det hopar seg opp med folk i ventesonene, understrekar klinikkdirektør Reidun Rasmussen Mjør ved Stord sjukehus.

I likskap med Günther er ho glad for at dei no kan ta opp att meir normal aktivitet.

– No vil me at dei som har behov for behandling i spesialisthelsetenesta skal få det. Og nettopp difor er det viktig at folk møter til timane sine, eller melder frå dersom de vil utsetja behandlinga, slik at vi får unna mest mogeleg av køen, seier Mjør.