I fjor fekk Engevik & Tislevoll næringsprisen. F.v.: ordførar Harald Rydland, tidlegare dagleg leiar Harald Engevik og dagleg leiar Terje Tislevoll. Foto: Ingrid Hovstad

Fitjar kommune ved kulturkontoret ber om forslag til kandidatar til kulturprisen og næringsprisen for 2020.

Kulturprisen kan delast ut til kulturarbeidarar, kunstnarar eller lag med tilknyting til og forankring i Fitjar kommune. Prisen vert gjeven for aktiv frivillig kulturarbeid over lengre tid eller for særleg gode einskildtiltak. Prisen kan tildelast lag, organisasjonar eller einskildpersonar innan alle kulturgreiner, inkl. idrett.

Næringsprisen kan delast ut til næringsdrivande, firma, person(ar) m.v. som på ein positiv måte har framheva seg i inneverande år. Næringsprisen skal vera ei påskjønning til den som klarer å halda på og betra kvaliteten, kreativiteten og servicenivået innan næringslivet i Fitjar.

– For at prisane skal verta delte ut treng me å få inn forslag frå innbyggarane, fortel kultursjef Bente Bjelland, som håpar at det kjem inn mange gode kandidatar.

Fristen for innsending av forslag er 10. november. For meir info sjå www.fitjar.kommune.no