Fitjarøyane. Arkivfoto: Kjetil Rydland

Fiskarlaget Vest ber Fiskeridirektoratet fjerna gamle telefonkablar på sjøbotn mellom nokre av Fitjarøyane.

– Fiskarlaget Vest har fått opplyst at det er fleire telekablar i sjø i Fitjarøyane som ikkje lenger er i bruk, då det ikkje lenger er behov for fasttelefon, skriv dagleg leiar Britt Sæle Instebø i Fiskarlaget Vest.

Ho opplyser at det er heng på kabelen som går mellom Torsdagsøy og Eidøy, noko som skapar heft for fiske.

– Med bakgrunn i ovannemnde ber ein om at rette instans fjernar kablar i sjø som ikkje lenger er i bruk. Dette vil òg vere teneleg med omsyn til miljø og matsikkerheit, då det sannsynlegvis er snakk om eldre kablar som potensielt består av miljøskadelege komponentar, påpeikar ho.