Fitjarstølane barnehage ber om at leikeapparata får stå i fred i desse koronatidene.

– Barnehagen i Fitjarstølane har opplevd at det er ein del barn som leikar på barnehagen sitt område etter stengetid. Normalt sett er dette heilt ok, men i desse koronatider, med dei smitteverntiltaka me skal følgja, ynskjer ikkje barnehagen at det er born utenfrå på området etter stengetid, skriv barnehagen.

Dei håpar sjølvsagt på normale tider att snart so dei kan opna opp igjen, og at dei som leikar der på fritida kan komme tilbake att.

– Takk for at de hjelper oss med å avgrensa smitteomfanget.

Barnehagen kjem vidare med ei oppfordring om at folk må behandla leikene fint når dei kan opna opp att for at utanforståande kan leika med apparata.

– Me har opplevd noko hærverk på ein del av det nye me har laga, avsluttar dei.