Arkivfoto

Fitjar idrettslag feirer 70 år og inviterer til storfeiring med aktiviteter og sprell for heile familien.

– Det blir ein stor familiedag med aktiviteter for små og store laurdag 2.november kl.13.00 på Fitjar kultur- og idrettsbygg, fortel dagleg leiar i Fitjar Idrettslag, Vidar Aarskog.

Han lovar Fitjarmeisterskap i mjølkespannhalding og bruskassestabling.

– Det vert el-sjokk fotball, det trur me vert veldig morosamt. Elles kjem verdas beste fotballtriksar Adrian Krog på besøk og lagar show.

– I tillegg vert det mogleg å prøva ein aktivitet. Alle gruppene til FIL er på plass, fortel Aarskog. Han fortel at i tillegg til at heile FIL er 70 år, feirer fotballgruppa 50 år!

Aarskog lovar gratis kaka, saft, pølser og kaffi til alle som kjem.

– Me oppfordrer og inviterer alle i bygda og omegn å ta seg en tur, avsluttar Vidar Aarskog.

- Annonse -