Bjørg Strømme (t.h.) inviterer til julemarknad, og dottera Maren Sofie er ein av utstillarane. Arkivfoto.

I desse dagar vert Galleri Losjen pynta og klargjort til julemarknad.

Arrangør Bjørg Strømme inviterer til julemarknad i det koselege galleriet i frå fredag 27/11 til torsdag 10/12. Med gode opningstider.

– Det vert ope frå kl.11 – 13 og kl. 16.30 – 19. Me håpar gode opningstider vil hindra trengsel, opplyser Strømme. Ho fortel at dei vil leggja stor vekt på å halda smittevernreglane, både når det gjeld hygiene, avstand og tal personar i galleriet på same tid. 

– I denne merkelege førjulstida treng me lys og glede, og eg håpar denne marknaden kan hjelpa til med å skapa det, seier Strømme.

Ho fortel at det vert få utstillarar, men at dei som er med vil presentera mange fine ting.

– Det vert brukskunst og biletkunst. Praktiske, nyttige, fargerike og flotte ting. Her vert det mogleg å finna julegåver både til andre og seg sjølv. Vel møtt, avsluttar ho.