Ordførar Harald Rydland i samtale med rådmann Olaug Haugen. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Ordførar Harald Rydland kom seint i går kveld med siste nytt frå kriseleiinga i Fitjar kommune. No prøver dei å samla eit reserverpersonell til helsevesenet.

– Landet er i krise p.g.a. av Koronavirussmitte. Me gjer alt me kan for å førebyggja at innbyggjarar og tilsette vert sjuke. Men me veit at pandemien vil utfordra helsevesenet vårt også her i Fitjar. Som ein del av beredskapen planlegg me no i tråd med nasjonale tilrådingar for eit høgt antal sjuke med behov for hjelp, og at også eige helsepersonell kan verta sjuke, skriv Rydland.

Han oppmodar alle som er utdanna helsepersonell, eller med praksis frå helsevesenet, og ikkje arbeider i helsevesenet i dag til å melda seg.

– Bur du i Fitjar og ønskjer å tilby di hjelp i  helse- og omsorgsteneste og berørte administrative tenester i Fitjar i denne situasjonen? Meld deg på her, ber Rydland, som vert takksame for alle som kan stilla opp.

Koronasentral i Sagvåg

Det er no oppretta eigen koronasentral for Stord og Fitjar i Blåbygget i Sagvåg. Sentralen er mottak for koronarelaterte spørsmål som elles hadde gått til fastlege eller legevakt. Personar med symptom og sjukdom knytt til luftvegssymptom som gjer at dei elles ville tatt kontakt med fastlege eller legevakt skal heretter ta kontakt her.

 – Det er viktig at folk tek omsyn til bruk av koronamottaket, slik at dei kan få hjelpa flest mogleg som treng det. Ikkje berre møt opp – ring først, skriv Rydland.

Kommunal koronatelefon: 53 49 66 66 (08-22)