«Dramatiske endetidstegn – hva sa Jesus?» var tema for Arvid Bentsen sin tale på Øvrebygda skule, onsdag kveld.

Det var menigheten Fyrlykta som saman med Øvrebygda Bedehus stod som arrangør. Mellom 90 og 100 personar frå heile øya var kome saman for å høyre den kjente forkynnaren tale om kva Bibelen seier om den tida vi lever i. Han tok tak i det profetiske ord og viste steg for steg korleis ting har gått i oppfylling frå Jesu fødsel for over 2000 år sidan og fram til i dag.

Han la grundig ut om Israels kriger frå 1948 og fram til vår tid. I 1948 stod Israel ovanfor ein fiende som var 150 gongar så mange, men kom sigrande ut av krigen. Ingen kunne forstå det, og millitære ekspertar har ingen fornuftig forklaring på det.

Bentsen tok og for seg tida vi lever i idag og viste til ei rekkje utsegn frå vitskapsfolk, og korleis det samstemmer med det som står i Bibelen. Jorda går mot ei katastrofe, seier forskarar, og Bibelens ord vert oppfyllt i rask rekkjefølgje. Det vart eit alvorleg og sterk bodskap som gjekk heim hos dei fleste.

Sissi og Johannes Kringlebotten frå Etne bidrog sterkt med nydeleg song og musikk, og etter møtet var det servering av kaffi og kaker. Folk såg ut til å trivast i kvarandres selskap og alle fekk noko å tenke på.