Gjennom reklame og ved sjølvsyn har nok fitjarbuen fått med seg at butikkar feirar eittårsjubileum denne helga. Fitjarposten.no tok først turen innom Rema 1000. Seinare vert det skrive om dei andre.

På området for den gamle bensinstasjonen finn ein i dag følgjande butikkar: Altimek, JKS bil og deler med verkstad, Uno-X bensinstasjon, Fitjar Servicesenter og Rema 1000. Området husar og flotte hyblar og leilegheiter.

Rema 1000 flagga vaia godt i vinden i føremiddag medan folk gjekk inn tomhendte og kom ut att med fulle posar. Småbarnsfamilien Karin og Trond Stokken fylte handlekorga, og sa dei var førnøgde med å handle på Rema 1000. Borna, Linnea på to år og Kristoffer på fire år, hadde nok eit ord med i laget då det skulle kjøpast laurdagsgodt.

Kaffi og marsipankake høyrer med til ei jubileumsfeiring, og det fall i god smak hos kundane i dag. Kjøpmann Geirmund Aga fortel om eit svært spennande, kjekt og lærerikt år i Rema Fitjar. Det første driftsåret viser at butikken er liv laga, og handelen svarar til dei forventningane han hadde på førehand. Geirmund framhevar dei tilsette (9 utanom han sjølv), og gler seg over eit godt arbeidsmiljø, der fleire av dei tilsette arbeider deltid. Han seier at det har blitt ein livsstil å drive butikk, altså både hobby og jobb som han stortrivest med. Difor høver det godt at han har leilegheit i andre etasje.

Rema 1000 butikkane set fokus på kvalitetsvarer, god service og lågaste pris. Kundane set og stor pris på god parkeringsplass rett utanfor døra. Alle Rema-butikkar i region vest har like prisar, men vareutvalet kan variere. Geirmund Aga nyttar seg av lokal leverandør når det gjeld egg. Ein slik leverandør må ha produktforsikring med blant anna godkjenning frå mattilsynet. Den unge og blide kjøpmannen på Rema 1000 har fått barndomsdraumen sin oppfylt og seier han er komen på rett hylle i livet.