Det var stort frammøte ved ”Beitevandringa” på Eggøy, sist fredag.

Da Forsøksringen i Hordaland inviterte til beitevandring på Eggøy med tema "Utegangersau og kystlyngbeite", møtte det opp rundt 70 personar. Dette var kjempeflott, og det store oppmøtet viser ei aukande interesse for å nytte utegangersau som produksjonsdyr og landskapspleiarar i øyane våre.

Her møttest naboar frå Stord, Bømlo, Austevoll, Fitjar, og fekk prate om felles utfordringar.
John Inge Vik, Austevoll sau – og villsaulag, fortalde om sitt driftopplegg.
Bioforsk v/ Samsom Øpstad informerte om resultat av forskingsprosjekt om ”Utegangersau og kystlynghei”.
Arne Oftedal frå Mattilsynet snakka om korleis ein kan førebygge tap av beitedyr.

Etter foredrag på brygga til Kristoffer, og ute i lyngbeitet, serverte Fatland grilla villsaukjøt som smakte nydeleg. Fatland nytta og høvet til å sei nokre ord om nødvendigheita av å ha god kvalitet på lam som vert levert.

-Utmarka er ein viktig ressurs i drifta. Fleire tiltak kan gjerast for å få betre bruk av beita og få best mogleg økonomi i å nytte utmarka. I takt med aukande attgroing blir det meir problem med flott og flogemakk.

Det er viktig å vite kva som skal til for å førebygge tap. Med vurdering av vegetasjon og beitekvalitet kan ein vidare finne ut om beitepresset er bra, eller om ein til dømes bør få fleire dyr med i beitelaget. Slik kan ein få betre beitekvalitet.

Ein kan òg bruke saltstein og målretta rydding for å få dyra til å beite meir på dei mest næringsrike områda. Eit godt driftsopplegg må vere tilpassa marknaden. Kan hende kan tidlegare sanking om hausten vurderast, særleg viss beitekvaliteten blir så dårleg at tilveksten stoppar opp, heiter det i eit skriv som vart sendt ut i forkant av denne samlinga.

Med den store interessa som dei mange frammøtte viste, så vert det gjerne ny beitevandring neste år.