Ein av våre lesarar tipsa oss i dag tidleg om at nokre kyr hadde funne seg vel til rette på Idrettsplassen.

Då me tok turen oppom Fitjar Idrettspark låg dei og kvilte ved sida av blå treningsvestar. Kva dei hadde der å gjera, og om dei syntest vestane var fine, veit ikkje me. Ein kollega av meg meinte at dei kanhende hadde misforstått bibelordet frå Salme 23 der det står at «Han let dei liggja i grøne enger».

Uansett kan me vel vera einige om at desse dyra er be(i)st utan ball.