F.v. Oda Volden de Fine, Elise de Fine Olsen, Isabell Rydland, Victoria Malene Maraas og Ingvild de Fine Olsen. Foto: Ingrid Hovstad

I strålande sol møter me blide jenter ved Klovadalstjødno, i full sving med malekostar og beis.

– Me held på med første laget, andre laget nokon stadar, med beis på gapahuken vår, fortel leiar i Øvrebygda 4H, Isabell Rydland.

4H-klubben starta arbeidet med tomta ved tjødna i april 2018, og i haust kom gapahuken opp, men enno er det eit par ting som står att.

– Me må ha to lag med beis på heile gapahuken, og torv på taket. Elles manglar me «Øvrebygda 4H»-skiltet me skal henga på gapahuken, fortel Rydland.

– Ja og so manglar me lys, og me skal gjera om dei dekorkorsa til kløverar, skyt Ingvild de Fine Olsen inn.

Kløveren er 4H sitt symbol, og viser til dei 4 H-ane: hovud, hjerta, hender og helsa.

Isabell Rydland og Ingvild de Fine Olsen i full konsentrasjon. Foto: Ingrid Hovstad

4H-leir i Danmark

4 av jentene Fitjarposten møter har jobba ekstra mykje med gapahuken.

– Me skal på nordisk 4H leir i Danmark i sommar. Klubben sponsar mykje av deltakarpengane og reiseutgiftene, so difor har me gjort litt ekstra med gapahuken i retur, fortel Victoria Malene Maraas.

- Annonse -

Ho og dei andre jente gler seg til ei heil veka på leir på øya Bornholm. Nytt for året er at 4H i Estland og Latvia er invitert til dei nordiske landa sine 4H leir.

– Årets leir tema er «community across borders». Det vert kjekt å møta masse nye folk, fortel Maraas.

Victoria Malene Maraas med ei kreativ løysing for å nå til. Foto: Ingrid Hovstad

Offisiell opning i slutten av mai

Sjølv om gapahuken til 4H-klubben allereie vert mykje nytta av både klubben sjølv, Øvrebygda skule og private, har den aldri vore offisielt opna.

– Me hadde ikkje lyst å opna den offisielt før den var ferdig, fortel leiaren Rydland. Ho fortel at dei no satsar på opning i slutten av mai.

– Me gler oss til å få den offisielt opna, det vert ein moglegheit til å takka alle dei flinke medlemmane, foreldra og andre som har hjelpt oss med å få denne flotte gapahuken på plass, avsluttar Rydland.

Øvrebygda 4H minnar om at beisen tek nokre dagar før den er heilt tørr.