Miljøagentane arrangerer Norges største gå-til-skule-aksjon med over 40.000 påmeldte elevar frå heile landet. Foto: Melissa Fajkovic / Miljøagentene

I september skal skuleelevar over heile landet konkurrera i å reisa miljøvenleg til skulen. Frå Fitjar deltek 7. klassingane på Rimbareid barne- og ungdomsskule.

Beintøft er Noregs største gå-til-skulen-aksjon og vert arrangert i regi av Miljøagentane.

– Målet med Beintøft er å inspirera fleire til å gå og sykla til skulen. Gjennom å velja miljøvenleg transport er ein med på å forureina mindre, skapa tryggare skulevegar, få betre helse og ikkje minst ta vare på naturen, seier prosjektleder Kaspar Tjeldflaat Steudel i Miljøagentane.

Jorda rundt kvar einaste dag

I 2019 deltok over 55.000 elever, som til saman la bak seg over ein million bilfrie kilometer i løpet av kampanjevekene i september. Dette er i gjennomsnitt halvannan gong rundt jordkloden kvar dag.

– Sjølv om mange barn allereie går eller syklar til skulen, ser vi at denne kampanjen bidrar til auka engasjement rundt eigen skuleveg. Barna kan igjen inspirera foreldre til å velja miljøvenleg reiseveg i kvardagen, seier Steudel i Miljøagentane.

Miljøkampanje med konkurranseelement

Alle skuleklassar frå 1. til 7. trinn kan delta og konkurrera om å bli landets mest beintøffe klasse. Beintøft varer frå 31. august til 25. september, og hovudpremien er 30.000 kroner, som ein vert oppfordra til å bruka på noko miljøvenleg som kjem heile klassen til nytte.

– For mange er tanken på premiar ein stor motivasjon, men det er den felles miljøinnsatsen som skal vera mest i fokus, avsluttar Steudel i Miljøagentane.