I løpet av ettermiddagen fekk politiet fleire meldingar om at folk i distriktet hadde mottatt tlf. frå ein som gir seg ut for å vera tilsett i Microsoft. – Legg på, seier politiet.

Folk blir bedne om å logge seg på PC-en for å få gjort visse oppgraderingar. Personen fremstår som pågåande og kan i nokre tilfelle ringje flere gonger. 

– Det er all grunn til å åtvare mot denne «virksomheten” – dette er sannsynlegvis folk som ønskjer å få tilgang til personopplysningar/passord for så å kunne misbruke dette for å oppnå økonomisk vinning. Rådet til folk som får desse telefonoppringingane er å avvise oppmodinga om å logge seg inn på PC-en. LEGG PÅ! seier operasjonsleiar Svein Sørensen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.