Dei unge mennene i mannsgruppa Manna gjev gamle salmar eit heilt nytt preg. 20. juni er det duka for indremisjonsfest. 

-Me gler oss til eit sommerstevne der alle aldrar kan kjenna seg heime, seier Svein Bjarne Aase i Indremisjonssamskipnaden.
 
Indremisjonssamskipnaden, som vart stifta i Uskedalen for nesten 150 år sidan, samlar stadig born, unge og vaksne på bedehus i Sunnhordland, Hardanger og Voss. 20. juni blir det utandørs storsamling i Moster Amfi.
 
UNGE RØYSTER: Som mange kjendisar også har oppdaga, er dei kjære salmane langt i frå gløymt.  Sommarstemnet sin song og musikk vil bli leia av eit knippe unge menn. Dei utgjer Manna, som er eit mannsamble som held til i Bergen. Gruppa syng a cappella i mange stilartar, og er kjende for sine spanande tolkningar av kjente og kjære salmar. 
 
BORN I FOKUS: Den engasjerande forkynnaren Johnn Hardang, frå P7 kristen riksradio, er talar på stemnet. Han har gitt ut fleire bøker, og er ein etterspurd forkynnar.  Tidlegare har han blant anna vore lærar ved Indremisjonsselskapet sin Bibelskule i Oslo, og lærar og rektor ved Bildøy Bibelskule. For borna blir det sundagsskule i Amfisalen. 
-Borna er veldig viktige på sommarstemne, og kan gleda seg til mykje moro, seier Aase.
 
 Stemnet byr også på open kafé, grilling og ulike familieaktivitetar på Kyrkjestølen utover ettermiddagen.