Hausten er komen, og denne veke startar badmintonfolket opp igjen.

Badmintongruppa i Fitjar Idrettslag har treningstider måndagar og onsdagar kl. 20.30 til 22.00 i idrettshallen. Treningane er opne for alle som vil spela badminton; det er ikkje aldersgrenser verken oppover eller nedover. Ingen krav om ambisjonar, men det er veldig greit om dei som har tenkt å vera med på treningane og betala kontingent til badmintongruppa, faktisk kjem og trenar nokonlunde fast gjennom sesongen.

Badminton er ein typisk individuell idrett (eller ein kan spela double, det er saman med ein annan).  Dvs. at ein må ta ein del av ansvaret for treninga sjølv. Det er litt opp til den enkelte kva ein vil trena på teknisk t.d. I  fjor hadde badmintongruppa avtale med spelarar frå Stord idrettslag som hadde teknikk-trening på Fitjar ein del måndagar. Dersom det er interesse for dette, vil ein prøva å få til eit liknande opplegg i år også. Elles blir treningane lagt opp litt etter kven som møter opp. Kjem det mange kan ein byta på kven ein spelar med og læra litt av kvarandre!

Ein kan delta på turneringar viss ein ynskjer det. Kvar enkelt spelar står fritt til å melda seg på.  Ein konkurrerer i nivådelte klassar, slik at alle møter andre på ca. same nivå. Etter kvart som ein vert flinkare kan ein melda seg på i klassar i høgare nivå. Nybegynnarar konkurrerer altså mot andre nybegynnarar. Det blir sett opp ei terminliste over alle turneringane no i september. Viss det er stemning for å reisa og prøva seg i konkurransar kan ein gå fleire i lag og finna helgar det passar å reisa til Bergen eller Haugesund.

Badminton passar for dei fleste, det er ein idrett for mosjonistar og for dei som vil satsa! Ein kan starta i 9-10 års alder, mange startar i 12-13 års alder f.eks. Treningstidene på Fitjar er kanskje litt seint på kvelden til at det passar for dei yngste, men det er jo noko ein kan sjå på om det er aktuelt å leggja betre til rette for yngre spelarar.

Badmintongruppa har nokre racketar ein kan låna dei første gongene – for dei som ikkje er heilt sikre på om dette er sporten for dei –  så går det an å prøva seg først! Ta kontakt med Håkon Rydland Sæbø om du lurer på noko, tlf. 97172441.