Brannvesenet i Fitjar har fått betre utstyr. Dei har no inngått avtale med Friluftsrådet Vest. Friluftsrådet sin båt som er stasjonert på Fitjar, kan nyttast til utrykking.

I ein prat med brannsjef Tore Nesbø fortel han nøgd at båten er eit godt tilskott til beredskapen for Fitjar brannvesen. Båten er rask og godt eigna til arbeidsbåt. Brannvesenet har berbare brannpumper som lett kan takast med i båten. Dei disponerer og hjartestartar som ein del av beredskapen.

– Med auka folketal i øyane om sommaren vert trongen for auka beredskap større. Med denne båten kan ein raskt koma rundt i øyane. Ved eit tilfelle sist sommar, tok det berre kring 12 minutt frå alarmen gjekk, til hjartestartar var på plass på Fodno.

Avtalen som kommunen har fått med Friluftsrådet Vest er ein god avtale. Det vert betalt timeleige for bruken. Skulle båten vera oppteken med bruk av Friluftsrådet og det oppstår ein nødssituasjon, vert den med ein gong overført til bruk for brannvesenet.
Brannsjefen framhever at det er flott at fleire etatar kan samarbeide på denne måten.

Bård Inge Sørfonn som er Friluftsrådet sin oppsynsmann, fortel at båten er ein god sjøbåt. Den er bygd i aluminium og godt utstyrt. No er den og blitt uniformert med brannvesenet sin merking, fått ny fjernstyrt lyskastar og blålys.