Kvar onsdag frå 8. juli til og med 29. juli kan du delta på båttur til vakre Bekkjarvik og gjennom det vakre øy-landskapet i Fitjarøyane.

Bekkjarvik
 
Det unike kystlandskapet er ei kjent, men kanskje ikkje like tilgjengeleg, perle på Vestlandet. Med båt i ytste del av Sunnhordland får ein høve til å ferdast blant øyar og holmar, vitja gamle handelsstader og oppleva havet tett innpå. Med fast båtrute frå Leirvik får ein mogleiken til å oppleva å bli guida rundt i dei unike Fitjarøyane og vitja dei tradisjonsrike handelsstadane Bekkjarvik og Brandasund. I det ærverdige Bekkjarvik Gjestgiveri får ein servert lunsj frå det kjente kjøkkenet der.

Turen går Leirvik-Valevåg-Rubbestadneset- Fitjar-Bekkjarvik-Brandasund-Fitjar-Rubbestadneset-Tittelsnes-Leirvik. Det er høve til å komme på båten i Leirvik, på Valevåg, på Rubbestadneset og i Fitjar. Turen vil vera guida frå Fitjar.

Turen inkluderer flott lunsj på Bekkjarvik Gjestgiveri og kaffi/saft og vaffel i Brandasundet. Det er lokal guide i Bekkjarvik og i Fitjarøyane.

Turane går onsdag 8. 15. 22. 29. juli.

Stad  Avgang
Leirvik 09:45
Valevåg 10:00
Rubbestadneset 10:20
Fitjar 10:45
Bekkjarvik 11:45 – 12:45
Brandasund 13:30 – 14:15
Fitjar 15:00
Rubbestadneset 15:20
Valevåg 15:35
Leirvik 15:50

Bestilling
Turen er berre open for førehandsbestilling. Bestillinga vert gjort til Stord Hotell,
tlf 53 40 25 00 eller e-post booking@stord-hotel.no
Turane må bestillast seinast kl. 1800 før avreisedagen.

Pris
Vaksne kr 590,- Inkl. guida båttur i Fitjarøyane, lunsj på Bekkjarvik Gjestgiveri, kaffi/ vaffel i Brandasund og omvisning i Bekkjarvik.
Born kr. 350,-
10 % rabatt for grupper på meir enn 8 personar
Betaling ombord eller hos Stord Hotell.