Ein fritidsbåt dundra i natt på land på Sørfodno tvers overfor Landa. Båtføraren, ein mann i 30-åra, vart sendt til Stord sjukehus for behandling av skadar i ansiktet og hovudet.

Ulykka vart meldt i 03.19 tida i natt. Folk i nærleiken hadde høyrt ein kraftig smell og rop om hjelp, og det vart omgåande sett i gang redningsaksjon. Folk drog òg ut i privat båt for å hjelpe.I tillegg rykte Ambulansebåten «Rygervakt», marinefartøyet «Kvarven», Norsk Luftambulanse og politiet ut. Mannen vart funnen av folka i båten som drog ut  før Luftambulansen, og dei andre, kom til plassen.

Politiet har mistanke om at mannen var påverka av alkohol. Han var åleine i  den 16-17 fot lange båten.

Redningsaksjonen vart avslutta klokka 04.30.

Då fitjarposten var ute for å ta bilete i føremiddag var Johan Nilsen og Bård Inge Sørfonn frå Fitjar brannvesen med for å sjekke eventuelt olje-/bensinsøl og liknande. Men det såg bra ut i så måte.