I løpet av fredagskvelden ankra fleire titals båtar opp ved kaiane i Fitjar.

Det var Bergen motorbåtforeining som var på utflukt, og frå Fitjar skulle dei sigle i konvoi vidare til Borgundøy.

Ei redningsskøyta skulle òg vera med på ferda, fortel to av dei båt-interesserte bergensarane til Fitjarposten.

I alt var 63 båtar med på turen.