I haust vert det tilbode båtførarkurs og kurs i navigering på Fitjar.

Båtførarkurset finn stad i Fitjar vidaregåande sine lokaler i sentrum, medan navigasjonskurset held til på Seladon med utsegling frå Fitjar sentrum.

Båtførarkurset går over 6 kveldssamlingar med oppstart 21. september. Eksamen vert truleg i veke 43.

Navigasjonskurset vert halde laurdag 26. september og er tenkt for dei som har teke eller som skal ta båtførarprøven. Treningsområde vert Fitjarøyane og Selbjørnsfjorden.

Det er Maritime kurs Smedholmen ved Einar Matre som står for begge kursa. Henvendingar om kursa kan rettast til Matre på tlf 90 89 48 57 eller e-post

einar@smedholmen.com