På Kalveid ligg bedrifta Ole Kvernenes båtbyggeri trygt plassert, med Bjarne Kvernenes i spissen.

– Det var far min som starta bedrifta, i 1948. Då var det, som no, vedlikehald på skrog og motor og slipping det gjekk i, fortel andregenerasjon båtbyggjar, Bjarne Kvernenes. – Eg gjekk ut frå Bergen tekniske skule i 1970, og har vore her sidan då.

La om kursen

Dagens båtbyggjeri driv som sagt med vedlikehald av båtar og slipping, men som namnet avslører var det ei heil stund at det blei bygt båtar ved bedrifta. Frå 50-talet og fram til slutten av 80-talet blei det bygt både fiskefartøy og lystbåtar på Kalveid.

– Den siste båten me lagde her var nummer 197, i 1987. Det var vår eigen design. Me har levert båtar til kundar langs heile kysten, frå Troms i nord og til ned på Sørlandet.

Grunnen til at det eventyret blei avslutta, var at lønsemda i småfiskarflåta gjekk ned og dermed tørka ordrestraumen på nybygg inn, for desse fiskarane var hovudkundegrunnlaget for båtane Kvernenes produserte.

– Men det var gode båtar me lagde, og me fekk mykje skryt for dei, fortel Kvernenes.

Etter den tid har dei hatt prosjekt som dei har montert og utrusta båtar, men då har skroga kome utanfrå. Det betyr ikkje at dei ikkje har nok å bryna seg på. Sist vinter hadde dei til dømes ein skyssbåt inne i verkstadhallen, som dei bytte maskinar på. Då blei det ein heil del ombygging på båten for å få dei nye maskinane inn. Prosjektet tok om lag tre månader. Eit døme på at også nyare arbeid signert gjengen ved Skålevik gjer Bjarne Kvernenes stolt.

– Det blei eit anlegg som fungerte godt, og som me leverte frå oss med godt samvit. Det var eit prosjekt der det var trongt og utfordrande, men me hadde litt flaks og marginane med oss.

Som ei lita bedrift, med seks tilsette, kan det vera utfordrande å finna det rette omfanget på drifta. Då det til dømes gjekk nedover med ordrane på nybygg, blei den delen av verksemda lagt ned gjennom eit medvite val, før det blei tvunge fram. Etter 1990 har det vore vedlikehald og ein del utrustingsprosjekt for fiske- og oppdrettsnæringa som ha vore hovudoppdraga, med kundar frå Florø i nord til Stavanger i sør. Det er også ein del oppdrag for private, men det utgjer ikkje meir enn rundt 20 prosent av oppdraga, trur Kvernenes.

Ein del av oppdraga er slipping av båtar, mellom andre for Fitjar Mekaniske Verkstad. For å vera best mogleg i stand til å ta slike oppdrag har bedrifta investert i nye vogner på slippen. No kan dei ta opp båtar på opptil 25 meter, fortel Kvernenes. Sjølv om slippen har blitt rusta opp, er det rett som det er at dei må takka nei, for båtane er for store.

Stadig utvikling

Dei opererer i ein bransje som er i utvikling, og Kvernenes ser at måten båtane er utstyrt gjer at dei også må utvikla seg. Mellom anna blir det meir og meir elektrisk utstyr ombord, ei utvikling som også viser i maskinromma.

– Me har alltid hatt folk på huset som har kunna med det elektriske ombord. No har me til dømes Gisle Vestbøstad som gjer mykje av det elektrisk-mekaniske, men me ser at no må elektrikaren stå klar når båten legg til kai, og det må me henta utanfrå. Framover kjem det nok ytterlegare krav til utslepp frå motorane òg, og me vil få hybridmotorar ombord. Dei motorane me sette inn i skyssbåten me hadde her i vinter er eigentleg utdaterte. Dette er ting me må halda oss oppdaterte på.

Korleis møter de slike utfordringar?

– Me lærer etterkvart som me får erfaring. Me får også god hjelp av leverandørane våre og samarbeider med dei. Dei har spisskompetanse. Mellom anna har motorleverandørane folk som er med heilt fram til oppstart. På den måten utviklar me kompetansen vår i takt med utviklinga i bransjen.

Kva trur du blir utfordringane for vidare drift?

– Behovet er der, så utfordringa handlar om å jobba over lang tid. Eg trur det er viktig å vera uthaldande. Det er også viktig å ta vare på dei kundane me har på ein god måte.

Ei anna utfordring han ser i det fjerne, er at noko bør gjerast med bygningsmassen, og talet på kvadratmeter under tak.

Driftsleiar Gisle Vestbøstad fortel at arbeidsstokken har vore veldig stabil, med få utskiftingar opp gjennom åra. No er dei som nemnt seks tilsette, men Vestbøstad fortel at særleg i år har det vore godt med arbeid, slik at det kunne vore fleire i sving, men så langt har det ikkje vore lyst etter folk. Kvernenes fortel at mannskapet i regelen har funne vegen til bedrifta sjølv, framfor at det har blitt lyst ut stillingar. Om det har samanheng med flaks, tilsetjing av fitjarfolk eller andre faktorar skal vera usagt. Resultatet er uansett at alle dei tilsette har lang fartstid i bedrifta.

Du sjølv byrjar vel å bli eldre. Kor lenge ser du for deg at du held fram her?

– Eg reknar vel med å fasa meg heilt ut i løpet av to-tre år. Eg blir 66 år i år, og utfasinga har alt starta. Det er Gisle (Vestbøstad) som i hovudsak er sjef for drifta. Eg seier det litt humoristisk at eg har gått ned til 100 prosent stilling no. Det er sånn at telefonane kjem både på kveldstid og helg, men no tek eg meg mest av papirarbeid. Men eg er med på å ta avgjerder enno. Eg har over 40 års erfaring, og den vil eg bruka.