Det byrja å brenne i ein fritidsbåt ved Hisøy i Bømlo kommune fredag ettermiddag.
110-sentralen opplyser at brannvesenet i Bremnes har rykka ut til brannen.
– Då me kom oss ut og fekk fatt i personane så var båten heilt utbrent, opplyser Svein Nesse, vaktleiar i 110-sentralen
– Me har fått sløkkt brannen og fått trekt den ut fra land. Me kjem til å heve båten og få den inn til land seinare.
Han opplyser at dei to personane som køyrde båten er ein mann og kvinne som er «godt vaksne».
– Dei hadde kome seg opp i ein liten gummibåt, og me klarte å huke tak i dei før dei blei tatt med utover i sjøen. Dei har me fått trygt på land.
– Kva er årsaka til brannen?
– Årsaka kan eg ikkje seie noko om. Det må politiet uttale seg om.
Meldinga om brannen kom inn kl. 16.02
