Fitjar jakt- og fiskelag har to båtar som ålmenta kan få låna til aurefiske i fjellet.

Dei to Pioner-båtane er på 12 fot og har plass til fire personar. Dei skulle såleis høva godt til formålet. Dei koster 16 000 kroner kvar; jakt- og fiskelaget har betalt for den eine, og grunneigarlaget for Fitjarfjellet den andre.

Den eine båten ligg ved Midtvatnet, men skal snart flyttast ned til Kidnavatnet, fortel Jostein Prestbø i Fitjar jakt- og fiskelag. Den andre er på plass ved Botnavatnet. I fjor blei det ikkje fiska i fjellet på grunn av anleggsarbeidet, men i 2011 blei det fiska 35 kg fisk i  Kidnavatnet, fordelt på rundt 400 aurar. Det er først i år ein kjem i gang med garnfiske i Botnavatnet. Her skal det etter planen fiskast 2600 fisk i året, fortel Jostein Prestbø.

Dei som er interesserte i å delta aktivt i utfiskinga, kan ta kontakt med Jostein. Han ønskjer å setja opp ein plan for arbeidet. Men han understrekar at alle kan få låna båtane; berre ta kontakt med han på telefon 90 54 27 43 for å få låna nøkkel. Båtane vil vera låste med kjetting og hengelås, men dei er gratis å låna for alle interesserte. Det er tilgang på garn som ligg nedlåst i ein kasse ved båten. Andre fiskereiskapar som oter og sluk må folk halda sjølve, fiskelukke like eins.

I 2011 blei det drege opp ein aure på heile 1,9 kg i Olstjødno, og blant all småauren i Kidnavatnet var det ein storfisk på 1,4 kg. Dette tyder på at det kan by seg ei hyggeleg overrasking for dei som tar umaken med å prøva fiskelukka i fjellet.

– Me har to hovudmål, seier Jostein til slutt, å få flest mogeleg folk med på fisket, og få mest mogeleg fisk opp av vatna.

Vonleg vil mange la seg freista til å prøva fiskelukka.