Fitjar jakt- og fiskelag har vakna or dvalen og fått tak i to båtar som ålmenta kan få låna til aurefiske i fjellet.

Dei to Pioner-båtane er på 12 fot og har plass til fire personar. Dei skulle såleis høva godt til formålet. Dei koster 16 000 kroner kvar; jakt- og fiskelaget har betalt for den eine, og grunneigarlaget for Fitjarfjellet den andre.

Torsdag kveld blei begge båtane kjørte opp til Kidnavatnet. Den eine blei låst fast med kjetting nede ved vatnet, medan den andre skal vidare. Fitjar Kraftlag har lova å få den flytta over til Botnavatnet så snart dei har helikopter i lufta som kan svinta båten over Kidnaakslo.

Jostein Prestbø har vore med og vekt jakt- og fiskelaget til live att, og har teke initiativ til prosjektet. Han fortel at båtane vil vera låste med kjetting og hengelås, men vil vera gratis å låna for alle interesserte. Nøkkel vil kunna hentast heime hos Josten på Prestbø. Då vil folk og få tilgang på garn som ligg nedlåst i ein kasse ved båten. Andre fiskereiskapar som oter og sluk må folk halda sjølve, fiskelukke like eins.

Som gjenyting for å vera med på prosjektet har grunneigarlaget blitt lova å få rapport frå fisket. Derfor vil alle som låner båtane få med skjema til å registrera fangsten. Josten Prestbø seier at 10-12 personar alt har sagt seg interesserte i å vera med på fisket, slik at ein på sikt vil få færre og større aure i desse vatna.

– Me har to hovudmål, seier Jostein til slutt, å få flest mogeleg folk med på fisket, og få mest mogeleg fisk opp av vatna.