Båten på biletet over, ein Mercury på 75 hk, vart stolen på Flatholmen i natt. I motsetnad til på biletet ovanfor hadde han då påmontert grøn kalesje.

-Det var tidlegare i dag, då eg skulle inn til Fitjar for å handla, at eg oppdaga at båten var vekke, seier Terje Flatholm som har hytte på Flatholmen, og som eig båten.

-Lukkelegvis er det ein del arbeidarar her for tida. Dei tilbaud meg å låna båt. Elles hadde eg vore reint holmefast her ute, legg  til.

Har du sett båten kan du kontakta Terje Flatholm direkte på 992 95 760.