Ein båt vart stolen frå Fodno natt til laurdag. I kveld vart han funnen att, halvt nedsøkkt.

Politiet fekk melding av tjuveriet kl. 1600 i ettermiddag. Båten var ei snekke av mrk Rolfsnes på 21 fot. 

-Klokka 2030 ringde meldar igjen.
Båten var funnen halvt nedsøkkt ved Bekkjarvik, fortel politiloggen for Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.