Ein gul open båt blei funnen, liggande halvegs under sjøen, på vestsida av Ålforo i Fitjar søndag ettermiddag.

Det er snakk om ein open båt på ca. 19 fot som vart funnen på vestsida av Ålforo søndag. Det var Hovudredningssentralen som gjekk ut med informasjon om båten søndag ettermiddag.

– Denne var utstyrt med motor og det var eit garn om bord, opplyste redningsleiaren ved Hovudredningssentralen for Sør-Norge.

– Alt tyder på at båten har slitt seg i den sterke vinden. Den kan ha dreve langt, seier redningsleiaren.

Eigaren av båten meldte seg ved 18.10-tida søndag.

- Annonse -