Ein 24 fot Viksund fritidsbåt køyrde i 00.30 i natt på land ved Hegreneset.

Frank Solli fortel til fitjarposten.no at han først høyrde ein smell, og deretter ein del glosar, som i teikneseriesamanheng ville blitt teikna med alphakrøllar, stjerner og daudningehovud…

Då han sjekka nærmare kva som hadde skjedd, oppdaga han båten som hadde køyrt på feil side av stonga ved Hegreneset, og såleis dundra på grunn. Båten var likevel ikke verre faren enn at Frank Solli i lag med broren, Ronald, kunne dra ut med båt og hjelpe den uheldige ut på fritt vatn igjen.