I løpet av den neste veka vert det basar både på Fitjar bu- og behandlingssenter, på Havnahuset, på Fitjar bedehus og på Fitjar vidaregåande skule, og det bugnar av flotte gevinstar.

Først ute er Havnahuset, der det vert arrangert basar 13. mars til inntekt for trivselstiltak for bebuarane der.

Same dag inviterer Normisjon til basar på Fitjar bedehus. Der vert det loddsal, andakt og enkel servering, og inntekta frå basaren går til eit skuleprosjekt i Ecuador.

Laurdag 16. mars er det basar på Osternes bedehus. Arrangør er Osternes indremisjon si kvinneforeining og det ver andakt ved barne-og familiearbeidar Lise Marie Litlabø.

Onsdag 20. mars er det basarkomiteen ved Fitjar bu- og behandlingssenter som inviterer til basar. Gevinstbordet som står utstilt på senteret vitnar om mange flotte gevinstar, både av det heimeproduserte og det kjøpte slaget. Her er mykje flott for ein kvar smak, og noko som passar for både små og for store. Inntekta frå basaren skal gå til «Sansehagen» og andre tiltak for bebuarane på senteret. I tillegg til utlodding vert det her servering av kaker og kaffi og det vert musikkinnslag ved Iwona Chrapko og dottera.

Dagen etter inviterer barne- og ungdomsarbeidarklassen ved Fitjar vidaregåande skule til basar i kantina på skulen. Her vert det sal av kaker, kaffi og lodd, og pengane som kjem inn skal gå til Ukraina-prosjektet.