Laurdag 6. september kl. 15.00 vert det basar i Fitjar bedehus for Vyborg-hjelpa i Russland, og det vert synt fram bilete frå arbeidet. Vyborghjelpa vert driven i regi av SI-reiser, og målet er å hjelpa folket i Vyborg, både materielt og åndeleg.  Pengane går såleis mellom anna til barneheimar, sjukehus,kyrkjelydar, skular samt familiar og einskildpersonar som treng hjelp utanfrå.