Torsdag 14. april klokka 16.00–18.00 arrangerer Fitjar sjukeheim basar til inntekt for Sansehagen.

– Det er ope for dei som måtte ønskje det. Det vert loddsal på bok, åresal, gratis mat og kaffi, flotte gevinstar produsert av flittige helsearbeidarar ved sjukeheimen, og elles mange flotte kjøpte gevinstar. Harald Rydland vert med og spelar piano, og det vert også litt høgtlesing, fortel Karin S. Stokken, som ønskjer velkommen til ein flott ettermiddag på Fitjar Bu- og behandlingssenter.