Førstkomande laurdag vert det basar i vakre Færøysund. Inntekta går til eit traktorprosjekt i Kamerun.

– Det heile startar kl. 13.00, og i tillegg til basar med åresal vert det amerikansk auksjon og ulike aktivitetar. Grillen er varm. Du vel sjølv kva du vil ta med deg til å ete og drikke, men det vil bli servert kaffi i løpet av basaren, melder initiativtakar Chance Emmanuel Aodi. Chance er gift med Målfrid Sandvik og er sjølv frå Kamerun.

Chance har lenge hatt ein draum: Han har hatt lyst til å bidra til at folk heime på Diisletta kunne dyrka meir mat – og dermed få eit betre liv. Det er ikkje så lett å vere i Noreg og vite at bøndene heime har vidder av jord dei kan dyrka, men må gjere det med handemakt.