Lillianne Drønen Jæger iniviterer til basar på Søreid Gard i Vik på Fitjar søndag 27. september. Inntektene går uavkorta til nødhjelp, vatn, mat og medisin til syriske flyktningar, gjennom Redd Barna. Illustrasjonsbilete: Ayo (4) får hjelp av ein Redd Barna medarbeidar i Italia. Foto: Redd Barna.

– Det vert loppemarknad til både store og små, og basar med nye ting som gevinstar, som: heimestrikka klede til både vaksne og born, 10 kinobillettar, gåvekort på komlemiddag, flotte ting frå Fem Høns og Varehuset Rydland, kosmetikk frå Apotek1, ting frå Lille Mei, gåvekort på pizza frå Videoen, gåvekort for overnatting for to hos Stord Hotell for to personar, to gåvekort på Sushi-meny frå Grand Hotell tre fruktkorger, flotte gevinstar frå ulike lokale butikkar – og ikkje minst, utlodding av kamskjell, skriv Lillianne til fitjarposten.no.

I tillegg fortel ho om fisking av badeand i elva, sekkeløp og skattejakt. Høve til å kjøpe seg lappekaker, bollar, saft og kaffi vert det òg.