Det vert basar for Ukraina i kantina på Fitjar vgs, tysdag 24.mars kl. 17.00. Illustrasjonsfoto: FP-arkiv.

-På basaren vil me lese opp brev frå Ukraina, og det vert framsyning av dei siste bileta me har fått frå venene våre i Bobrinetz, opplyser Sissel Jørgensen til fitjarposten.no.

-Situasjonen i landet er svært vanskeleg, og dei treng vår hjelp og støtte meir enn nokon gong, legg ho til.

 Det vert sjølvsagt høve til å kjøpe kaffi og  kaker  .

All inntekt frå basaren vil gå direkte til prosjekt Bobrinetz.

(ANNONSE)