Honnør til kvinnene på Stranda som inviterte til god, gamaldags basar i Stranda bedehus, for femte året på rad. Inntekten av basaren går til Barmhjertighetsbussen, og bra med folk var det på laurdag òg. I pausen selde kvinnene nydelege smørbrød, kaker, dravle og andre godsaker  til inntekt for eit barnehjem i Bolivia. Godt med pengar kom inn til dei gode føremåla – og drøsen gjekk livleg rundt kaffiborda.