Heile 32 000 kroner vart det økonomiske resultatet av Framnesbasaren i Fitjar bedehus i går kveld.

Det var 13. gong denne tradisjonsrike basaren vart arrangert i Fitjar Bedehus, og også i går var det svært godt frammøte, både av store og små.

Framnes vgs stilte med ein miljøarbeidar og tre elevar. Dei fortalde frå skulen og hadde andakt og vitnemål.

Etter matøkt og god drøs, var det så basar til inntekt for skulen.

– Takk til alle som kom og var med, skriv Trygve Eiken til fitjarposten.no.