Utvalet lyttar til skulesjefen som orienterer om saka. Foto: Ingrid Hovstad

Fitjar kommune jobbar vidare med arbeidet med å digitalisera skulen. No er det barnetrinnet som står for tur.

Dagens elevar skal læra seg mange digitale ferdigheitar, som i å innhente og behandle informasjon, være kreativ og skapande med digitale ressursar. Til dette treng digitale verktøy, og Fitjar kommune skal no utrusta barnetrinna med Chromebook.

Chromebook er ein datamaskin som har operativsystemet Chrome OS. Dette skal vera robuste maskinar, som har både tastatur og touch skjerm.

– Dei ska tåla eit fall i frå til dømes eit bord, men foreldra vil verta erstatningsansvarleg i ei viss grad om det skulle skje noko, fortel skulesjef, John Karsten Raunholm.

Budsjettet for 2019, og økonomiplanen for 2019-2022, legg opp til digitalisering av oppvekstsektoren i løpet av dei neste åra. Dette er ein følgje av nye fagplanar som kjem i 2020, men ogso det at samfunnsutviklinga tilseier at digitale ferdigheitar vert viktigare.

Ein håpar at ei digitalisering skal få ned behovet for spesialundervisning med 2%. I skulekvardagen vil det verta meir rom for individuell rettleiing og problemløysing ved hjelp av digitale verktøy. Til dømes kan elevar med lesevanskar med enkle grep kunna få teksten lese opp av maskinen.

Fitjar vil utlevera maskinane over tre fasar. Den første skal i gong allereie denne månaden, og 42 maskinar som ein kjøpte inn i 2018 skal delast ut. Neste fase vert i august.